Kortfatta informasjon

Om operasjonar og behandlingar

For meir utfyllande informasjon om operasjon- og behandlingar, ta kontakt med oss eller spør din lege.

Nordfjord Øyre-Nase-Hals

Kva behandlar vi?

NordFjord Øyre Nase Hals er ein spesialistpraksis for utredning og behandling av lidingar i øyre-nase-halsområdet, lokalisert på Nordfjord Sjukehus. Sjukdomane vi undersøker er i prinsippet alle øyre-nase-hals lidingar, inkludert søvnregistrering og radiobølgekirurgi.

Eigenandelar, transport og

Avtalepraksis

Klinikken er ein avtalepraksis, dvs at legen (John Arthur Kvamme) har driftsavtale med Helse Vest, og inngår i helseforetaket sine planar for spesialisthelsetjenesta i regionen.

For deg som pasient inneber det at du betaler vanlige eigenandelar for både reise, undersøkelsar og behandling, og at eigenandelane inngår etter vanlige reglar i frikort ordninga

Pasientane blir motteke etter henvisning frå primærhelsetjenesta, andre spesialistar og sjukehusavdelingar.

OPERASJONAR VED

NORDFJORD ØYRE NASE HALS

Radiobølgeconchotomi i lokalbedøvelse og andre kirurgiske inngrep med radiobølgeapparat (Select Sutter). Andre mindre kirurgiske inngrep i lokalbedøvelse kan og vere aktuelle å gjere hos oss.

NARKOSE OG OPERASJONAR

PÅ KLINIKKEN

Operasjonar i narkose vert henvist til ØNH-avdelinga ved Førde Sentralsjukehus eventuelt Haukeland Universitetssjukehus.  Som oftast kan alle forberedelsar og oppfølgande kontrollar gjerast ved NordFjord Øyre Nase Hals og Nordfjord Sjukehus.

MANDLAR

KORT INFORMASJON

Mandlane er to ansamlingar av lymfevev som kan sjåast bak i svelget på kvar side når ein gapar høgt. Sjukdomar i mandlene kan arte seg som gjentatte akutte halsinfeksjonar eller som kronisk irritasjon, gjerne med gule eller kvite propppar som kan gje dårlig ånde. Andre kan ha så store mandlar at det i seg sjølv gir spise eller pusteproblemer med snorking og kvelningslydar om natta. Operasjonen utførast i narkose både hos voksne og barn ved ØNH-avd. Førde Sentralsjukehus. Avhengig av alder ( i utgangspunktet over 3 år)  og reiseavstand, får ein reise heim etterpå eller overnatte på pasienthotell eller sengepost. For barn må pårørande ta hand om den nyopererte etter utskriving, vanligvis er barnet heime første veka etter operasjonen, og må ta det med ro og ha oppsyn i to veker etter operasjonen. Voksne pasientar blir i utgangspunktet sjukemeldt i 2 veker.

FALSK MANDEL

KORT INFORMASJON

Alle småbarn har ein ansamling av lymfevev bak i nasesvelgrommet. Denne kallast for falsk mandel, polyppen eller adenoiden. Ved infeksjonar svulmer denne opp, men skrumper gjerne noko igjen når barnet frisknar til. Når infeksjonane er særlig langvarige/ mange/ harde kan lymfevevet bli varig forstørra. Dette kan føre til ei tilstopping av nasa sin bakre del med snorking, pustestopp med nedsatt søvnkvalitet, nasal tale, hyppige og langvarige forkjølelser og eventuelt øyrekatarrrekatarr. Hvis den “falske mandelen” gir slike problemer, kan den fjernast ved ein operasjon i narkose ( i utgangspunktet alder over  over 2 år). Etter operasjonen skal barnet haldast inne og i ro eit par dagar før vanlig aktivitet i park,barnehage eller skule.

VENTILASJONSRØYR I ØYRENE

KORT INFORMASJON

Den vanligaste grunnen til nedsatt hørsel hos barn er “øyrekatarr”, dvs. at mellomøyret, som skal være fullt med luft, blir tetta igjen med slim, som ofte er seigt. Vanligvis vil dette være ei forbigåande plage som helbreder seg sjølv. Dersom tilstanden blir langvarig med betydelig nedsatt hørsel, kan det opererast inn små ventilasjonsrør gjennom trommehinna, som har en innvendig diameter på 1mm. Dette betrar hørselen meir eller mindre umiddelbart. Inngrepet kan også hjelpe enkelte med særlig hyppige mellomøyrebetennelsar. Barnet bør være 2 år. Operasjonen utførast i narkose hos barn, men i lokalbedøvelse hos voksne. Pasienten holdast i ro inne operasjonsdagen, men vanlig aktivitet kan gjenopptas allerede neste dag. Hos barn vil det ofte være aktuelt å samtidig fjerne den “falske mandelen” også fordi dette kan betre sannsynligheten for at øyrene normaliserast.